Foto: Fernando Ugarte
Du er her: Hovedside - Nyheter
Åsa på kontoret. Foto: Trond G. Johnsen
Reisebrev frå Sildarminjasafn Íslands

Museumskonservator Åsa Elstad fra Sortland har sendt reisebrev frå Siglufjord. Ho hospiterer på det nasjonale sildemuseet på Island i samband med Reis & Ryk Kultur som Vesterålen kulturutval og Apriori Utvikling står bak. Ein rekke deltakarar hospiterer nå i private og offentlege verksemder og institusjonar undt i Europa. Les om sildemuseet


22.4.2013 - EMB


Åsa fortel:
 
  Grana. Brygge med sildolje- og sildemjølsutstilling. Foto: Trond G. Johnsen
No har eg vore ei veke i Siglufjörđur på nordspissen av Island, like sør for polarsirkelen. Her arbeider eg for tida på Islands einaste, og truleg verdas flottaste sildemuseum, Sildarminjasafn (safn = museum) Her arbeider eg for tida på islands einaste, og truleg verdas flottaste sildemuseum. Museet har ikkje berre fått den islandske museumsprisen, men i 2004 fekk det også også den høgthengande europeiskem museumsprisen the Micheletti award som beste nye industrimuseum det året.

Eit lite lokalsamfunn
 
  I båthuset står det ei skøyte ein kan gå om bord i. Foto: Trond G. Johnsen
Dei gode skussmåla museet har fått, også av alle eg har snakka med som har vore her, var hovudgrunnen til at eg ønska meg dit då eg fekk den fantastiske sjansen til å vere med på «Ryk & Reis Kultur» hos Apriori og Kultursamarbeidet i Vesterålen. Eg ville også gjerne reise til eit museum i eit lite lokalsamfunn framfor eit stort museum, til eit museum med ressursar som lar seg samanlikne med dei eg kjenner frå mitt eige museumsarbeid.

Kultursamarbeid med Vesterålen
Den tredje grunnen til at eg valde meg Sildarminjasafn, er at det ligg i ein region Kultursamarbeidet i Vesterålen har etablert samarbeid med. Det kan lette eit eventuelt vidare samarbeid. Sist, men ikkje minst, er temaet for museet ein del av den felles islandsk-norske historia om sildefiske og foredling av sild. Det var jo nordmennene som i si tid lærte islendingane å fiske sild, og museet og heile Siglufjörđur ber sterkt preg av den norske påverknaden. Her er for eksempel mange norske ferdighus frå byrjinga av 1900-talet. Sildeperioden var frå 1903-1968, då var Siglufjord den desidert største sildehamna på Island, og i sesongane arbeidde opptil 10-12 000 menneske her.

Åsa satt i arbeid
Den viktigaste arbeidsoppgåva mi mens eg er her, er å leite etter foto og arkivstoff om Siglufjörđur og sildefisket i norske museum og arkiv. Eg sit med andre ord ved pc-en min og utvekslar e-postar med nordmenn, samtidig som eg lærer mykje nytt om denne felles historia, ikkje minst gjennom samtalane med dei nye kollegaene mine her. Protokollane sildemuseet har, viser at det kom båtar hit frå alle fylka langs norskekysten, fleirtalet frå Rogaland og Sunnmøre. I listene over båtar som var her like etter krigen, har eg funne fleire sildebåtar frå Vesterålen. Her var ogsåm ein norsk fiskarheim som eg har funne foto av på Den indre sjømannsmisjon sine nettsider.

Tips for eige arbeid
 
  I båthuset står det ei skøyte ein kan gå om bord i. Foto: Trond G. Johnsen
Samtidig som eg gjer denne oppgåva, noterer eg ned ei mengde gode tips til museumsarbeid og utstillingsdesign. Eg er så heldig å ha Trond, sambuaren min, i lag med meg her, og han dokumenterer det meste med kameraet sitt. Museet har tre store brygger. Den eldste blei bygd i 1907 som salteri og losjihus. Første etasje inneheld ei utstilling om sildesaltinga og utviklinga av Siglufjörđur, i andre etasje ser vi korleis sildejentene budde – 16 på kvart rom.

Den neste brygga er eit nybygg som inneheld ein rekonstruert sildolje- og sildemjølfabrikk. Siglufjörđur hadde i si tid ni sildoljefabrikkar. I tillegg er der mellombels utstillingar på loftet. Det tredje huset inneheld ei hamn med ei skøyte og mindre båtar som ligg fortøydd ved ein kai med buer og all slags fiskeriutstyr. Til sommaren opnar også eit lite fryserimuseum.

Autensitet og aktivitet
Dei viktigaste kjenneteikna ved museet er autensitet og aktivitet. Hovudvekta ligg på miljø utstillingar med lite eller ingen tekst, der ein så langt det er muleg prøver å vise korleis det var under silde perioden.

Ein kan gå over alt og ta på alt, for om bord i skøyta. I sommarhalvåret blir det kvar veke gana sild på kaia utanfor museet, og det blir også arrangert dans til trekkspelmusikk der sildejentene også er med. For grupper blir det også vist dramatiseringar av livet på sildekaia. Silde jentene er kvinner frå byen som lærte å gane sild då dei var unge.

Örlygur
Aktivitet er det også no på vinteren, i ein gammal slip museet har fått. Der arbeider Jón Ragnar, som er den første trebåtbyggaren som er blitt utdanna på Island dei siste 25 åra, med å restaurere museet sine båtar. Kven som vil kan komme innom og sjå på arbeidet. I tillegg er det berre to andre stillingar ved museet. Sjefen, Örlygur, starta som ein av dei frivillege i ei foreining som i si tid bygde opp museet. Han er også kunstnar, og akvarellane hans frå livet i sildebyen finst også i ei av utstillingane. Han er sjølv oppvaksen med sildearbeidet, og det han ikkje veit om sildefiske, sildesalting, sildeolje og sildemjøl, er ikkje verdt å vite.

Anita
Anita er ein ung historikar som både har medansvar for det faglege innhaldet på museet, for rekneskap og booking. Ho er også ein svært dyktig guide. I tillegg til å ta imot eit aukande tal med vinterturistar, arbeider Anita og Örlygur no med ei bok om Siglufjörđur, og det er det eg prøver å hjelpe dei å finne stoff til. Eg er blitt svært godt mottatt på museet, fekk med ein gong beskjed om å gjere som om eg var heime, og det var slett ikkje vanskeleg. Historia om Sildarminjasafn er også ei historie om kor viktig museum kan bli for identiteten til ein liten by.

Frå kriseramma by til viktig turistmål
Då dei frivillege starta arbeidet med å berge den gamle brygga og etablere museum her, møtte dei stort sett berre negative haldningar i byen. Krisa etter at silda forsvann hadde gjort at folk berre hadde negative kjensler for sildeperioden. I dag profilerer byen seg som den gamle sildebyen, og turistar tar den timelange uren frå Akureyri hit for å besøke museet. Vi har også besøkt utstillingane i det islandske folkemusikkmuseet her og fekk også oververe ei øving i ei folkesong-gruppe.

På turen hit (som tok ekstra lang tid på grunn av snøstengt veg), fekk vi komme innom museet i Akureyri og nasjonalmuseet i Reykjavik, så når eg om ei veke set kursen heimover, har eg både notatboka og hovudet fullt av ny kunnskap og nye idéar.

Åsa
 
Søk: Søk kun i overskrift

 
 
 
Søk:
Søk kun i overskrift


 
 
Postboks 243, Kjøpmannsgt. 2, 8401 Sortland, Telefon 76 11 15 00
Headerfoto: Fernando Ugarte • 2002-2019 © Systems by NorNet.no